Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Høg trivselsfaktor for Gunnøydilten

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. april 2025

Trimgruppa i Todalen I.L. samla nærare 200 deltakarar til Gunnøydilten som gikk av stabelen i dag.  Trimgruppa hadde rigga seg til i gapahuken ved Båthølen, der det både vart servert bålkaffe med sjokoladekake, kanelsnurrar og mykje anna godt til kaffen – og sjølvsagt var det pølser med brød på menyen for dei som ville ha ein enkel middag i dag. 

Trimgruppa diska opp med mykje godt til kaffen – frå venstre Anita Talgø, Torill Talgø (leiar), Sissel Halset Storslett og Lars H. Kvendset. Foto Jon Olav Ørsal

Folk strøymde til frå alle kantar – det var både «innfødte» og utvandra Todalingar og mange andre – både kjente og ukjente som deltok i Gunnøymarsjen.  Sjølv om påskesola mangla, så trur vi at alle saman kosa seg rundt om kring ved bord og benkar.  Her kunne du treffe både venner og kjente og det vart mang ein triveleg prat rundt borda.

Mathias Lyngvær, Iver Mossing og Agnes Krågsrud tok eit kortslag med «Idiot» – medan Ingvild Kårvatn og Åse Toril Holten hadde mykje anna å prate om. Foto Jon Olav Ørsal

Gunnøydilten går etter «Toåa tursti», som startar ved Trøbakkan og går nedover til Slåttøya og vidare forbi Båthølen (der står gapahuken) og vidare langs elva til Gunnøya der det er digitalt registreringspunkt for både StikkUT-turen og for Turar i Todalen i Toåa tursti.  Vidare kan du fortsette langs elva nedover til Halsabrua.  Frå Trøbakkan og nedover til Båthølen er det universell standard med tanke på bruk av funksjonshemma. 

Mykje folk som deltok på Gunnøydilten – i løpet av dagen var det nærare 200 som stakk innom «basen» ved gapahuken i båthølen. Foto Jon Olav Ørsal

Trimgruppa arrangerte også minilotteri i samband med Gunnøydilten.  dei rapporterer om stor givarglede og stor kjøpeløst med godt over sju hundre loddar i salg.  Pengar som kjem godt med til drifting av TILs Trimgruppe.  Dei rettar ein stor takk til alle deltakarane og ønsker alle ei god påske!

Sissel Halset Storslett hadde fullt om med loddsalg – godt over sju hundre loddar ga ei solid inntekt til Trimgruppa. Foto Jon Olav Ørsal

Trekningslista frå minilotteriet under Gunnøydilten.

Nedafor har vi lagt ut trekningslista frå minilotteriet med 10 glade vinnarar!

Mange flotte gevinstar i minilotteriet til Gunnøydilten. Foto Jon Olav Ørsal

Rundt bordet – her gjekk praten lett – frå venstre Familien Brøndbo, Gunnhild, Mali og Andreas, Liv Larsen, Karen Johanne Talgø og Synnøve Gjeldnes. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 17. april 2025, 15:58