I fjæra i Hyllnesbukta trefte vi Stig Are Gulla i ferd med å gå i land etter ein båttur utpå fjorden. Stig er ivrig hobbyfiskar, og har vore utpå for å sette ut garn i området ved vorpneset. På nyåret har det vore såpass kaldt og vindfullt, så det har vore eit begrensa aktivitetsniva, fortel han.
Temperaturen låg på 4-5 minusgarader, og med litt vind vart jammen fort nagelbit både for fiskarar og fotografar. Noko av fangsten har stig hengt opp på naustveggen, slik at det skal bli såkalla boknafisk – i hovudsak var det småsei og torsk i finne i garna, men også ein og anna lyren innimellom.
Stig reknar med at fiskeriet blir betre etter kvar utover vinteren – betre blir vel også temperaturen etter kvart som sola kjem til å kike fram.