Hjortmerk er eit merke- og utviklingsprosjekt for hjort, lokalisert til Nordmøre og Sør-Trøndelag. Det har gått føre seg i perioden 2006-2010, og i løpet av prosjektperioden har det vært merka 474 hjort, der tilsaman 156 dyr har vore utstyrt med GPS halsband. No skal det arrangerast sluttkonferanse for å oppsummere resultatet av denn forskninga. Det går føre seg i Storstua på surnadal kulturhus onsdag 8. juni 2011, kl. 10.00 – 15.30. Alle som er interessaert er velkomne til å delta på konferansen som kostar kr 200 med servering av lunch inkludert.
Prosjektet var eit samarbeid mellom 9 kommuner på Nordmøre og 8 i Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal Fylke, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag og Bioforsk økologisk. I tillegg har NINA og Universitetet i Oslo vore faglege samarbeidspartnarar. Mange lokale grunneigarar, vald, mv. har også vore viktige samarbeidspartnarar i prosjektet i høve til praktisk tilretteleggjing og registreringar av hjort på forskjellig vis. Prosjektperiode var i første omgang 2006-2010.
Meir info om Hjortmerk-konferansen finn du her.