Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjortkjøttkaker på menyen – du er invitert

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. november 2015

Neste helg – nærarer bestemt laurdag 28. november er du invitert på Hjortfest i Todalen ungdomshus.  Halle & Husby jaktlag er vertskap, og dei byr på heimelaga hjortkjøttkaker som hovudrett – kortreist og godt, med jaktlagets eigen Dan Roger Pedersen som som sjefskokk. Elles byr dei på lett underhaldning frå scena, og utdeling av heidersprisen «Den gyldne patron, fortel leiar i jaktlaget Lars Stensby til Todalen.no.

Elles blir muleg å få seg ein svingom, og vi vil prøve å skape ein god atmosfære, der folk kan kose seg i lag og ha eit hyggeleg samvær, seier Lars. Hjortfesta har lange tradisjonar i Todalen og tidlegare var det liksom ei verdig avslutning på jaktsesongen etter at haustjakta var ferdig og det var tid for å delta i det sosiale liv.  Nå varer hjortjakta heilt fram til jul, og det blir derfor berre ein stopp på vegen. Men det kan være like bra for det.

Halle & Husby jaktlag er verskap for Hjortfesta i år, medan Todalen idrettslag er arrangør. Foto: Jon Olav Ørsal

Halle & Husby jaktlag, som er vertskap, håper at mange tek seg fri frå andre aktivitetar denne kvelden, og tek turen til Todalen ungdomshus. Dei ønskjer alle velkomne til ei triveleg Hjortfest og gjer merksam på at det er inga påmelding – billettar selges ved ved inngangen!   Her kan du laste ned plakaten

Først publisert: 26. november 2015, 13:06 - Sist oppdatert: 27. november 2015, 14:55