Billettsalget til Hjortfesta 2010 er i full gang på ICA Todalen. Todalen idrettslag er arrangør, medan jaktlaga på sørsida av dalen (Bruset/Øya/Ørsal/halset) er vertskap for festa. Festsjef Ståle Ansnes fortel at dei har mykje å by på, og han røpar samtidig menyen, der “årets hjortegryte” er hovudrett. Billettar selges som sagt på ICA Todalen, og kostar kr 200. Den dekkjer inngangsbillett og mat.
Vidare blir det “lett underhaldning” frå scena og utdeling av heidersprisen “Den Gyldne Patron” står sjølvsagt på programmet. Etterpå blir det svingom med gruppa “Norfolk”. Telefonkontakt for billettsalget for utabygds er Ståle Ansnes på telefon 901 62 280. her kan du sjå plakaten for Hjortfesta 2010