Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjortfare: To påkjørslar onsdag kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. april 2014

Den som ferdes på vegane må no ta hensyn til at det er mykje hjortevilt langs vegkantane. Onsdag kveld var det to påkjørslar, der det både vart skade på bil og hjort som måtte bøte med livet. Den eine skjedde ved Heggjeskaret mellom Husby og Halla, medan den andre skjedde i Lykkjebygda i nærleiken av Hauahylla, fortel ledar i vilnemnda i Surnadal kommune, Ragnar Halle.

RagnarHalle_Heggjeskaret_0277

Tydelege spor etter den skadde hjorten i åkeren her, fortel ledar i viltnemnda i Surnadal, Ragnar Halle. Foto: Jon Olav Ørsal

Hjorten er no komen på trekk, samtidig som han blir frista av dei grøna spirane på innmarka. Det fører til at det blir stor trafikk av hjort inn på innmarka, og dette skaper mange trafikkfarlege situasjonar, seier Halle. Han seier vidare at det er all grunn til deg som trafikkant å være forsiktig ved ferdsel på vegane denne årstida, og spesielt er faren stor i skyminga båd morgon og kveld.

Påkjørselen ved Heggjeskaret skjedde i tida mellom kl 22 og 23 onsdag kveld, og det var ein 3-4 årig 6-spiring som der måtte bøte med livet. Hjorten fikk store skader, der begge bakbeina var skadd. Det kom seg inn i skogen på nersida av vegen.  Viltnemnda og politi vart varsla og hjorten vart seinare funnen att og avliva. Start ikkje med «privat» ettersøk. Det kan være farleg, men den viktigaste grunnen er at du ikkje skal øydeleggje spora for dei profesjonelle ettersøksjegarane, seier Halle.

RagnarHalle_Merkeband_0280

Ingen tvil – ring 02800 til politiet og marker skadestaden skikkeleg. Gbruk gjerne banda som NJFF deler ut gratis, seier Ragnar Halle.

Når slik påkjørsel skjer er det viktig at politiet blir varsla. Det skjer på telefon 02800, der du oppgir skadestad, namn og telefonnummer. Deretter skal skadestaden markerast, slik at ettersøkjegarar lett kan finne staden. Norges jeger & fiskeforbund har laga eit markeringsband som er ypperleg til slik bruk. Dette får du gratis på bensinstasjonar og fleire andre plassar, fortel Halle.  men du kan også bruke andre ting til markering, til dømes ein bærepose. Og som sagt skal du ikkje starte eige søk etter skadde dyr.

Ettersøkjegarane blir ofte kalla ut til påkjørslar av hjort og andre dyr, fortel Halle. Han rosar den profesjonelle gjengen som ofte må ut på kveldstid og i dårleg vêr, for å leite opp og avlive skadde dyr.

 

Publisert: 17. april 2014, 10:52