På Ørsalhøgda kunne ein mesta tru at krøttera vart komne ut på beite – ein heil skokk med hjort var nok frista av nygrøå, og beita i fred og ro på begge sider av vegen. Det nærmar seg nok fort kalvingstida no, og vi kunne sjå at enkelte dyr var kalvdigre. Om vi kom med bil var det berre såvidat at dei flytta seg unna litt, slik at vi kunne passere. Men det er nok lurt å være litt forsiktig!
Hjorten og rådyra er nok litt uberegnelige, og kan kome fort og overraskane for å passere vegen. Da gjeld det å ha liten fart og kanskje være klar med bremsen. Kvar hjorten har tilhald varierer, og dei kan nok dukke opp der du minst ventar det.