Torsdag kveld fekk vi melding om eit hjortekadaver som var observert i fjøra nedanfor Bergheim. Det kan sjå ut som om kadaveret har kome med elva. Viltnemnda er kontakta og har teke tak i saka.
Viltnemnda opplyser at det så langt i sommar er funne 4 daude hjortekadaver. Denne gongen ser det ut til å vere ein hjortekalv, medan det sist veke vart funne ei daud kolle litt lenger ut.