Etter kvart som snøen forsvinn så kjem no hjorten ned på innmarka i skyminga for å beite. Nygroen er nok «furkunnmat» etter å ha levd på gamaltgras, lyng og mose i skogen. På ein liten runde rundt bygda søndag kveld kunne fann vi ein flokk ved skogkanten ovafor Andersstua, ein flokk innafor Oddøya og nokre dyr utafor Øya. Det var nok i seinaste laget for frihandsfoto, men legg ut nokre bilde likevel.

