Jaktlaget som driv på sørsida av bygda fekk både hjort og elg i dag. I ytre og øvre delen av Øyalia vart det ei hjortkolle og to elgar. Elgane var ein fjorskalv og ein årskalv. Det var to debutantar som var heldige i dag, da Ola Ansnes tok sin første hjort, og Torbjørn Larsen fekk sine første elgar. Det er nok fleire jaktlag som har nytta høvet til å ut på storviltjakt i dag, men vi har ikkje fått rapport frå andre lag.
Vi tek gjerne imot bilde frå jaktturar, som vi kan legge ut på Todalen.no. Vi er interessert i både jaktbilde og fine naturbilde no som det held på og blir fine haustfarger.


