Surnadal demensforening og helselag stod måndag kveld som arrangør av «hjertemarsjen», og trossa vêrmeldinga som slett ikkje lova berre finvêr denne kvelden. Det var start ved Søyabanen, og målgang ved grillhuset på Søysetøran, der arrangøren overraska med pølser på grillen og kaffe med sjokoladekake til.
På vegen frå Søyabanen til Søysetøran var det 12 quiz-postar med varierte spørsmål, så deltakarane måtte også bry haudet litt på vegen. Ingen hadde fullthus på Quizkonkurransen, men fleire låg heilt i «toppskiktet» – men arrangøren var raus, og det vart premie til alle som deltok.
Den store overraskinga var det nok Tom Erik Kvande og Mette Helen Mikkelsen frå Sunndal Sparebank som stod for. Dei hadde med seg eit verdikort pålydende kr 30.000 som dei ville påskønne laget med. Leiar Liv Botten takka på vegne av foreninga og sette pris på at banken ser at vi gjer ein forskjell. Surnadal Demensforening og helselag har mange aktivitetar på gang, så det skal ikkje bli vanskeleg å finne noko å bruke pengane på, sa Botten i sin takketale.

Tom Erik Kvande, Mette Helen Mikkelsen, Dagny garte og Anders Garte fekk bryne seg på quizen. Foto Jon Olav Ørsal

2 x Bente tok i mot påmelding og leda oss på rett veg – Bente Løseth og Bente Mogstad. Foto Jon Olav Ørsal
Surnadal Demensforening- og helselag er medlem i Todalen.no