Vi er godt i gang med eit nytt år, og det betyr at vi skal fylle opp kalenderen vår med aktivitetar. Først og fremst gjeld det kalenderen for januar, men det er også til stor hjelp både for oss, og lesarane våre, at ting som skal forega utover våren kjem med. – Når ting kjem inn i kalenderen blir det lettare å planlegge møter og andre arrangement – og det blir lettare å unngå kollisjonar.
For å få aktivitetar og arrangement inn på kalenderen treng vi informasjon om dato og klokkeslett, stad og lett om kva som skal skje. Slik informasjon sender du berre til e-posten vår, så vil vi sørge for at dei ymse aktivitetane blir lagt ut i kalenderen til nytte og hygge for oss alle.
Vår e-postadresse er: red@todalen.no – eller du kan bruke kontaktskjemaet på nettsida