Familien Gjeldnes/Jacobsson i Oppistua på Hjellnes er komne omtrent midt i flokken med saulamminga. Saulamminga blir ofte kalla for vårens vakraste eventyr, og det er jammen med god grunn – det er nemleg heilt magisk når saulamminga går for fullt og det gryr av nytt liv som formeleg poppar opp.
På Hjellnes starta lamminga rundt midta av april, og da kjem det meste i løpet av eit par veker – vi prøvar å konsentrere lamminga på eit par veker når det likevel er hektisk og nærast foregår døgnet rundt, seier Torill Gjeldnes som hadde «vakt» da vi stakk innom fredag føremiddag. Per Åke haadde vakttørn heile natta og tok seg ein velfortjent lur på føremiddagen.
I Oppistufjøset er det i år knappe 170 søyer som skal lamme, og da blir det nok drøyt 300 lam før alle var ferdige – 5-6 sauer var ektra tidleg ute i år, men flertalet kjem nok frå midten av april og litt ut i mai – til no er godt og vel halvparten fødd. Torill venta berre på litt meir varme i lufta, slik at dei no kan åpne opp og sleppe lamma ut i friluft.
Nokre kopplam blir det nok i år også – det kan være forskjellige årsaker til at dei treng litt hjelp til starten på livet, men vi prøver å begrense talet så god vi kan, seier Torill, som fortel at det blir mukje ekstraarbeid med mange kopplam som skal ha ekstra matstell.