Jon Bruset har vore på historisk vandring med Trollheimsporten, og gått etter «vassvegen» frå Storbotn på austsida av Skjerdingfjellet og ned til utløpet ved Vestrum. Denne «kunstige» bekken er det nok mange som har sett ved Tristeinan, der den kryssar turistlina til Bjøråskaret. Her ser det mesta ut som vatnet renn i motbakke eit lite stykke. Les meir om dette og sjå bilda frå turen på Trollheimsporten.
Trollheimsporten etterlyser nokon som kan skrive meir om slike gamle kurturminne. Da kan vi tipse om Todalen Historielag. Det er vel også eit godt tips at Jon Bruset kan være kjentmann og bidragsytar i dette arbeidet. Han er habil fotograf og skribent, og det er nok få som har så mykje kunnskap om dette emnet som han.