Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

2. pinsedag: Historisk vandring i Åsbøhauan

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 5. juni 2022

Måndag 6. juni (2. pinsedag) klokka 13:00 inviterer Nordvik grendalag, i samarbeid med Todalen historielag og Stangvik historielag, til kulturvandring langs gamlelvegen i Åsbøhauå. Vandringa startar frå Åsbø gard/Åsbøsommarfjøset og går ein runde nedover Åsbøhauan.

Der er det tre generasjonar med vegar, som alle har hatt biltrafikk. Deretter fortsett vandringa frå Åsbø om Sjøleet og ned forbi husmannsplassane Vegaskiftet, Nausthaugen, Åsbønausta og blir avslutta med omvisning på museumslåven i Sjøtrøa. 

Sjøtrøa. Foto: A I Nordvik

Ta med matpakke, Nordvik grendalag spanderer kaffe og det blir utlodning til slutt. 

Lokalkjente på turen: John Reidar Husby og Per Sjøtrø i Sjøtrøa. 

Åsbøhauan. Foto: A I Nordvik

Dei tre laga ønsker vel møtt til ei fin historisk vandring! 

 

Publisert: 5. juni 2022, 10:00