Torsdag 21. april (kl 18:00) kjem historikaren og forfattaren Helge Husby til Todalen ungdomshus med sitt foredrag om Trønderbataljonen og slaget om Gratangen. Husby vil halde eit foredrag på ca. 2 x 30 minutt om ungdomane frå Nordmøre og Trøndelag som kjempa mot den tyske krigsmakta i Gratangen i aprildagane i 1940.
Helge Husby som kjem frå Tingvoll, har skrive bok, der han skildrar kampane i Gratangen. Boka har han kalla «Slaget i Gratangen 25. april 1940 – Trønderbataljonen frå nøytralitet til krig», og boka vil bli å få kjøpt i ungdomshuset denne kvelden.
Som sagt var det ungdomar frå Nordmøre og Trøndelag som deltok i slaget, og mellom dei 34 norske som fall, var Halvard Røen frå Kvanne, Gunnar P. Bøe frå Bøfjorden, Fredrik Eikrem frå Straumsnes og Helge sin sambygding Erling Rød frå Tingvoll.
No skal Helge Husby ut på foredragsturne med den nye boka rundt heile Nordmøre – Todalen er ein av dei første plassane han besøkjer. Reiseruta vidare blir i første omgang Tustna, Aure og Batnfjorden, men det blir nok fleire plassar etter kvart.
Todalen historielag som er arrangør, inviterer til kaffe og bakels, inkludert i billettprisen som er kr 100,-.