Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Historisk ettermiddagsstund…..

Historisk ettermiddagsstund…..

Jon Olav Ørsal Sundag 10. februar 2013

Det vart bokstaveleg fortalt ei historisk ettermiddagssstund, da historielaget inviterte til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset søndag. Eit førtitals historieinteresserte personar var møtt fram for å ta del i arrangementet til Todalen historielag. Denne søndagsettermiddagen kunne dei by på ei unik utstilling av utskårne storfe og hestar etter Kristoffer Gjeldnes. I tillegg var det historiske videoglimt, som Svein Åge Saksen hadde filma på nittitalet og først på 2000-talet.

Å arrangere ein temadag på etterjulsvinteren har nerast vorte tradisjon, og i år var det altså dei utskårne krøttera som Kristoffer Gjeldnes (Snøya) hadde laga for for eit par mannsaldrar sia som stod i fokus. Dei har vore utstilllt ein gong tidlegare, og det var på ei utstilling i Kristiansund i 1950 – altså for 63 år sia. Dyra er skårne ut med kniv, og så er dei måla etterpå. Både utskjæringa og målinga er så fint eit arbeid, at dei er nerast naturtru å sjå til. Samlinga finns i dag hos Nils og Synnøve Gjeldnes, som no bor på Snøyå.

Etterpå var det videovisning med historiske hendigar i bygda. Svein Åge Saksen har nemleg gjort mange filmopptak av historiske hendigar oppgjennom tida. Denne dagen fekk vi sjå film frå den dramatiske 50-årsflaumen som var i 2003. Det er heilt uttruleg kor mykje vatn som var i omløp nedøver bygda den gongen. Erik Kårvatn målte faktisk rund 100 mm nedbør på målestasjonen på Kårvatn i løpet av 24 timar. Vi fekk også glimt frå flaumen i 2004, som ikkje fikk slikt omgang som storflaumen i 2003, da det var gjort mykje skade i bygda.

Saksen viste også glimt frå den dramatiske bryggebrannen på Todalsøra. Det var bryggja til Erling Halle som den gongen brann ned, saman med nokre naust. Stor innsats frå brannvesenet i bygda, samt gunstige vær-og vindtilhøve gjorde at skadeomfanget vart begrensa den gong. Brannen skjedde natt til 1. påskedag i 2002.  Vi fekk også sjå glimt frå Skogbrannen i lia ved Hjellnes, da arbeid med reparasjon av kraftlinja førte til skogbrann i den knusktørre skogen. Heilt til slutt var det glimt frå Lundekvelden, som vart arrangert under Todalen Idrettslags 100-årsjubileum i 2008,  som eit av mange jubileumsarrangement.

Så var det tid for kaffe, og etter så mykje historisk oppfrisking var det nok mykje å diskutere rundt borda saman med nystekte bakels og smørgraut.

Bildegalleri frå temadagen til Todalen historielag.  Foto: Jon Olav Ørsal og Svein Åge Saksen (historiske bilde).

Publisert: 10. februar 2013, 21:24