Todalen historielag gjentar suksessen med historievandring på Todalsøra. I fjor samla laget mykje folk på vandringa etter Geilvegen ovafor Todaløra og til Hyllnesbukta. Denne gongen startar dei også innmed Inneråa, men går utover til Todalsøra etter allmannvegen og rundar av på dampskipskaia ved Pakkhuset. I år som i fjor er det Anders Halset som er guide, og han avslørte i fjor ein enorm kunnskap om «gamle» Todalsøra, fortel Maren Ansnes som er ledar i historielaget.
På Todalsøra blir det ein kafferast etterpå, der det blir høve til å kjøpe kaffe, pølser med brød etc. Det blir gratis pølse og saft til borna, som spesielt blir oppfordra til å bli med for å gjera seg kjent på Todalsøra. Sjå plakaten her
Det er mykje historie på turen frå Inneråa og utover til Todalsøra. Anders vil starte med raset som gikk her i 1961. Det er altså gått 50 år sia det store jord og steinraset dekte store deler av ekra, både ovafor og nedafor vegen. Vidare har vi historia om møbelproduksjon på Elvestad, slakteriet og Eidefabrikken, bøkkertverksted på Bergå og mange gamle butikkar for å nemne noko. Vi trur det blir ein interessant og spanande tur utover Todalsøra!