Vi minner om turen som Stangvik Historielag arrangerer førskomande laurdag, den 10. august. Alternativ for start på turen kan vera ved Skjersåa innafor Rønnan, ved bommen for skogsbilvegen som går utover Stangvikliene, eller ein kan kjøre utover denne vegen (bomavgift kr 50,-) til ein ser skiltet STORSETRA på høgre side av vegen.
Vi tek sikte på å samlast ved postkassen på Storsetra ca kl 10.30, og gå vidare derifrå etter nymerka sti om Middagssteinen til Torviksetrene og ta ein lengre pause der før vi returnerer til Storsetra og Stangvika. – Om nokon samlar på Stikk-Ut-turar, kan vi nemne at både Storsetra og Torviksetrene er Stikk-Ut-mål – -. Ta med niste og «kle deg etter veret»! Vel møtt!