Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Historielaget: Utstilling og premiere for nytt årsskrift.

Historielaget: Utstilling og premiere for nytt årsskrift.

Jon Olav Ørsal Måndag 26. november 2012

Søndag ettermiddag inviterte Todalen historielag sine sambygdingar til ettermiddagskaffe og premiere for årsskriftet for 2012. Det skjedde i  Todalen ungdomshus, der dei i tillegg hadde invitert Reidar Østvik til å stille ut ein del av sine bilde i samband med arrangementet. Det var stor interesse både for den flotte bildeutstillinga og for det nye årsskriftet, for dei samla rundt 50 personar i Ungdomshuset denne ettermiddagsstunda.

Årsskriftet er nummer 11 i rekkja med historisk materiale frå Todalen historielag. Også denne gongen kunne Maren presentere ei flott trykksak, med mange og varierte tema og som er rikt illustrert med mange og fine bilde av historisk verdi. Her opplever vi gjensyn med Jobus orkester som herja «hitlistene» på Nordmøre på 60-talet, og omtale av tønneproduksjonen i bygda, om tømmer- og veddrift i Kleivhaugane på 50-talet, samt omtale av møbelverksemdene som brørne Nikolai og Sverke Talgø dreiv gjennom mange år. Det inneheld og eit portrett av  Martinus Torvik, der vi får innblikk i hans oppvekst, yrkesliv og hans aktive tilvære som pensjonist. I tillegg er det eit flott bildegalleri, og mange andre tema.

Det er også eit portrett av Reidar Østvik. Etter eit langt liv i Trondheim, med jobb i Sintef, har han og kona Reidun no flytta til Elvestad. Der har Reidar etablert seg med fotoverkstad i kjellaren, der han dyrkar sin store hobby med foto og kunstmaling på heiltid. Heime på Elvestad har han også ei imponerande utstilling av sine arbeid frå kjellar til loft. Utstillinga i Ungdomshuset er den første som Reidar har i Todalen, men han har tidlegare hatt separatutstilling i Surnadal kunstforening og på Galleri Tautra. I tillegg har han delteke i mange andre utstillingar frå 1975 og fram til i dag.  Det var også Reidar Østvik som drog i gang arbeidet med å lage årsskrift for historielaget, og han var sjølv redaktør for dei 7 første årsskrifta som kom frå 2002.

Nedafor finn du fleire bilde frå historielagets arrangement i ungdomshuset.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. november 2012, 00:10