Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historielaget – søndag er det tid for bokslepp

Jon Olav Ørsal Måndag 3. november 2025

Todalen historielag er godt i rute med årsskriftet for 2025, og inviterer på bokslepp i Todalen ungdomshus søndag 9. november kl 15:00.   Årets hefte har 84 sider med mykje godt og variert stoff, som er presentert på ein fin måte.  Leiar John Moe tykkjer det er bra at dei har klart å rekruttere ein ungdommeleg redaktør, som fekk Endre Talgø på trua til å ta jobben. 

Mykje godt stoff i årsskriftet som er nr 24 i rekkja. (omslag på årsskriftet)

Komande søndag er årsskriftet klart for sal, og bli altså presentert på eit tradisjonelt «bokslepp» i ungdomshuset.  Her satsar vi på at det skal bli ei triveleg stund, og det skal bli høve til å kjøpe seg  kaffe og bakels og lage eit skikkeleg kaffelag. Det blir sjølvsagt høve for alle til å hente heftet som er inkludert i medlemskapet og kanskje er det aktuelt å kjøpa fleire hefter?  Årsskriftet høver godt til julegårve for «den som har alt» og julegåver som skal sendast.

Nostalgi på Todalsøra – hit kom bussen innom nå han kom frå Surnadal. (Foto utlånt av historielaget)

Som sagt så er eit hefte inkludert i medlemsskapet for den som har betalt for 2025 – kasseraren etterlyser forresten innbetaling frå nokre som sikkert har glømt å betale for medlemsskapet.  No hastar det litt – og prisen formedlemskapet er 250 kroner og er altså inkludert eit årsskrift.

Torbjørn Brøske kjem kjem på bokslepp med eit av sine kåseri. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Kåseri med Torbjørn Brøske
Torbjørn Brøske kjem på Boksleppet for å halde eit kåseri.  Vi veit ikkje kva tema han skal kåsere om, men vi veit han har mykje interessant i si «minnebok», så vi borgar for kvaliteten.  

Publisert: 3. november 2025, 21:00