Todalen historielag kallar inn til årsmøte for 2014 søndag 23. februar kl 14.00. Det skjer i Todalen ungdomshus, og med vanlege årsmøtesaker. Saklista kjem seinare. Etter årsmøtet blir det vanleg medlemsmøte, der programmet mellom anna er visning av Svein Åge Saksens video «Todalsfjorden – minutt for minutt med lokalkjente kommentatorar».
Fullstendig sakliste og program for årsmøtet finn du på plakaten som du kan laste ned her.
Seinare på vinteren vil Todalen historielag inviterer til den populære «Ettermiddagskaffen». Det skjer søndag 6. april kl. 13.00, og da kjem Jon Bojer Godal som er seniorrådgjevar ved Husasnotra i Valsøyfjord for å fortelje om Todalsfurua.
Jon Bojer Godal er formidlar av tradisjonsboren kunnskap. Han har særleg arbeidd med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar. Jon Bojer Godal har utdanning frå Norges Landbrukshøgskole. Han har arbeidd som rektor og sjøbrukslærar ved Fosen Folkehøgskole på Rissa. Han har vore tilsett ved handverksregisteret, nå Norsk handverksutvikling, på Maihaugen. (kilde: Wikipedia)