Vi er heldig som har slike ressurser at vi kan hente fram historia vår og presentere den som eit nytt årsskrift kvart år – det er over 80 sider med prima lokalhistorie som vart presentert for medlemane på Todalen historielags bokslepp i ettermiddag. Dordi Jorunn Halle har vore redaktør og presenterte det nye årsskriftet for publikum. Hun fortalte både om produksjonen og om innhaldet i det nye årsskriftet som altså er kome i sal frå i dag.
Det førte møtet i skriftstyret var alt 10. januar i år, og produksjonstida har altså vore 10 månader fram til salstart. Årsskriftet startar med ei oppsummering av aktivitetane i historielaget det siste året, der laget har bydd både på ettermiddagskaffe, kulturvandring i Svinvika og busstur til ein innhaldsrik tur til Smøla. Vidare er det ei helsing til Alf Ramsøy, som ville hatt hundreårsdag i år. Elles fortsette historia om Buktaslekta med presentasjon av andre sia – ei stor og omfattande slekt i Todalen som det er verdt å lese om.
Nils Olav Talgøy har skrive historia om gammelonkel sin som var den siste bjørnejegaren i Toalen – det skjedde i 1924. 10. juni var det hundre år sia «Skeivlabben» vart skoten innmed Rtollhøtta, og Nils Olav fortel både om den turen og andre turar som brørne i Gjengstøa gjorde etter bjørnen.
Bernt Bøe er gjesteskribent og fortel om båtulykka uti Trongfjorden der 3 mann omkom – deriblant Martinus Mentzson Bøe som var faren til vår gamle vegvoktar som enno ikkje var døpt – han vart atkalla etter faren og dei to andre som var med på båtturen til Kristiansun og som forliste på heimturen og fakk namnet Martinus Ole Kristian.
Vidare fortel redaktøren om tida da Todalen ungdomslag gjorde det skapt i «Kven veit?». I 1992 gikk det ikkje betre til enn at laget frå Todalen kom til finalen – og til slutt vann finalen. Seinar tok dei vandrepremien til odel og eige. Sverre Kjølstad har samla historia til Nordvik sag. Den gjorde si tjene gjennom lang tid, og vart til slutt rasert av ein kraftig storm i 1979.
Hallvard I. Kvendset har skrive ein artikkel om bruken av namnet Ola og har samla mange fornøyelege historier om bruken av namnet. Vidare er det ei oppsummering av aktiviteten i Todalen ungdomslag frå 100-årsjubileet til laget går inn i Todalen idrettslag i årtusenskiftet. Siste saki
Dei siste sakene i årets hefte er om Trollheimsvegen som var planlagt via Storlidalen til Kårvatn – Todalen og vidare til Kristiansund. Her er omtale frå starten og spesielt frå siste runde som kom i samband med kraftutbygginga ved Tovatna og behovet for veg. Siste sak er om Varstemne mellom Todalen og Ålvundeidet. Ein gammel tradisjon som var teken oppatt i 1994 – men siste vardstemne var i 2000 – her er Inge Nordvik gjesteskribent. Elles er det mange artig bilete i minneboka – mange som har levd ei stund treffer mange kjente her.
Eit flott og velredigert årsskrift som både redaktøren, skriftstyret og Todalen historielag kan være stolte av .
Etter presentasjonen var det kulturelt innslag. Her tok Jon Bjarne Husbu oss med på ein sekvens med sjølvskrevne viser både med tekster til ettertanke og tekster også med humoristisk innslag, der han vart akkompagnert av Øystein Moe på orgel. Spesiel hadde den alternative julekveldsvisa ein fulltreffar om Israel, Gaza og vestbredden – sågar også Putin. Dei to hausta mykje applaus for sin uhøgtidelege framføring. Bokleppet vart avslutta med kaffelag – graut og bakels til kaffen er aldri feil!
Årsskriftet kjem til sal hos Matkroken Todalen og Bokhandelen i Surnadal i tillegg til styret i Todalen Historielag.