Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Historielaget med kulturminneatlas – og årsmøte.

Historielaget med kulturminneatlas – og årsmøte.

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. februar 2010

Det er stor aktivitet i historielaget for tida, fortel ledar Maren Ansnes. Det er no årsmøtetid, og torsdag 4. mars kl 19.30 har laget årsmøte i Todalen Ungdomshus. Forutan vanlege årsmøtesaker vil det bli eit interessant kåseri med Bernt Bøe, og ein presentasjon og demonstrasjon av den nye internettsatsing www.kulturminneatlas.no.
Maren fortel at det sett ned ei eiga gruppe som skal drive med registrering av gamle kulturminne i Todalen. Historielaget er med på ei storsatsing som omfattar heile fylket, og dette foregår i eit nært samarbeid med kommunens kulturavdeling. På fylkesplan stata arbeidet i 2008, og no er dette arbeidet kome så langt at dei har opplegget klart og har starta opplæring på kommunalt plan og vidare grendevis.
Kulturminnegruppa har vore på kurs for å lære seg å registrere kulturminne, og har eit godt samarbeid med kommunens kulturavdeling der Kjersti Mahle Brøske og Råg Ranes er gode kontaktpersonar.
Da todalen.no var innom var det full aktivitet rundt kjøkkenbordet i Pestua, der Sven Olav Svinvik, Wenche Kvendset og Maren Ansnes hadde rigga opp kvar sin PC og hadde trådlaus breibantilgang mot internett og kulturminnebasen. Dei hadde allerede fått på plass bilder og info om Todalen kyrkje, Ungdomshuset og Todalshytta. Seinare kjem andre kulturminne i bygda etter kvart. I tillegg til desse er Anders Halset, Gudmund Kvendset og Lars Redalen med i gruppa som samlar info. Dei har mellom anna samla inn bilete og info om gamle utedo i bygda, og har også jobba med registrering av gamle kvennhus.
I tillegg til dette er det og sett ned ei redaksjonsgruppe som arbeider med nytt årsskrift for 2010. Dei er alt kome godt igang med arbeidet, og plana er at årsskriftet skal kome i salg i november. Maren fortel at mange tema til årsskriftet alt er klare, men ho tek gjerne mot tips om ting som bør være komme med, enten i årets eller komande utgåver.
Men aller først er det altså årsmøtet som står på programmet, og ho oppmodar alle som er interessert i bygdehistoria vår om å kome på årsmøtet i ungdomshuset!
Her finn du kulturminneatlasen og kan gå rett inn på Todalen Ungdomshus som ein «smaksprøve».

Først publisert: 27. februar 2010, 10:25 - Sist oppdatert: 17. november 2010, 10:43