Årsmøta går «slag i slag» i dei ymse lag og foreningar. Denne gongen er det Todalen historielag som melder om årsmøte som er dagsett til torsdag 31. mars. Det skjer i todalen ungdomshus kl 19.30, og her kan du lese meir om det som skjer på årsmøtet.
På dagsorden står vanlege årsmøtesaker, og tillitsverv kan seiast opp skriftleg til valnemda v/Kristian Gjeldnes, e-post: kristian.gjeldnes@gmail.com eller til Ola Bruset, e-post: bruset@svorka.net seinast fredag 19.03.16. Saker til årsmøtet kan sendast leiar John Moe, e-post: john.moe@talgo.no innan 19.03.16.
Her kan du laste ned plakaten!
Visning av «Polsdansfilmen»:
Etter årsmøtet blir det film – «Polsdans frå Nordmøre i tradisjon frå Todalen» – og skannarpatrulja vil vise bilete frå arkivet til historielaget.
Vi serverer også kveldsmat. Elles byr historielaget på kveldsmat, melder styret i Todalen historielag.