Komande laurdag, 14. 11. kl 14.00, inviterer Todalen historielag til årets bokslepp i Todalen ungdomshus. Da kan dei by på premiere for «Årsskrift for 2015» som dei får rykande ferskt frå trykkeriet. Det nye årsskriftet er nr 14 i rekkja og inneheld 84 sider med interessant og god lokalhistorie mellom permane. I tillegg byr dei på lysbildeserie frå lagets eige fotoarkiv, og sjølvsagt blir det salg av kaffe med nystekte bakels og smørgraut.
Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe viser lysbilder frå bildearkivet og fortel litt rundt historia til bilda dei viser. Dei utgjer «skannerpatrulja» i laget, og har mange godbitar i arkivet som dei gjerne vil vise fram til publikum.
Dei som er medlemar og har betalt medlemskontingent for 2015 får denne dagen utlevert årsskriftet som er inkludert i medlemskontingenten, og kan da kjøpe fleire om dei vil. Det er ei prima julegåve som er populært å få for den som har relasjonar til Todalen. – Elles vil medlemane få årsskriftet i postkassen med det første, melder styret.