Laurdag 1. juni inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Husby. Det blir start frå kyrkja kl. 12.00, der er det god plass til parkering. Vandringa vil omfatte Smålandsgrenda, Husbygarden, Fredrikstad, Lauvåskogen og Bekkerhagan. Lokale guidar vil orientere om gammal og nyare historie.
Grenda Husby har mykje interessant historie å by på både når det gjeld kyrkje, tomatdyrking, laupstreng i Moabergå, skytebane, 17. mai-feiring på Husbygarden før Ungdomshuset vart bygd, Lauvåa med kvennhus og vassverk, nye bustadfelt både på Flathaugan og i Bekkerhagan. Og truleg er Husby eldste garden i bygda.
Kulturvandringa vil bli avslutta i Bekkerhagan. Her blir det høve til å vera med «å vippe Jeppe» – ein gammal leik som var mykje bruka «før i tida».
Bekkerhagan vel vil selje forfriskingar.
Alle er velkomne til å bli med på vandring i interessant lokal historie!