Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Historielaget inviterer på ettermiddagskaffe…

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. januar 2016

Todalen historielag inviterer til den tradisjonelle og populære ettermiddagskaffen søndag 24. januar. Det skjer i Todalen ungdomshus frå kl 14.00 og utover dagen. Tema for ettermiddagskaffen denne gongen er «Du skal ikkje tru alt du ser!», og det er Einar Oterholm frå Halsa, som kjem til ungdomshuset med sitt kåseri denne ettermiddagen.

Synsbedrag KIKKERT

Synsbedrag med papirkikkert – på Sjøbruksmuseet i Bøfjorden. Foto: Bernet Bøe

Elles byr historielagt på både utloddning og traktering med grut og bakels. Og sjølvsagt blir det tid til å snakke med naboen og være litt sosial denne ettermiddagen.

Einar Oterholm er pensjonert fysikklektor, og han har litt av kvart å by på. Temaet denne dagen er altså synsbedrag av ymse slag, og vi får sjå både vatn som renn i motbakke, plankestablar som kan være både med og utan endar, artig førsøk med papirkikkertar og mykje anna. Kom på «Ettermiddagskaffe» så får du også sjå!

Først publisert: 16. januar 2016, 08:00 - Sist oppdatert: 24. januar 2016, 19:26