Torsdag 10. mars inviterer Todalen historielag til årsmøte i Todalen ungdomshus. På saklista står det vanlege årsmøtesaker, som årsmelding, rekneskap og valg. Skannerpatrulja (Ragnhild og Ingri) er ansvarleg for underhaldninga denne kvelden. Dei har kome over ei unik samling med passfoto som dei har skanna og vil vise som lysbilete. Det er passfoto frå krigens dager, da det var kollektiv fotografering i skulen for å få bilde til Id-korta dei bruka under krigen.
Elles vil det bli vanleg medlemsmøte etter at årmåtet er ferdig. Da vil det bli både «idemyldring», orientering om arbeidet med årsskriftet og med jubileumsskriftet for Todalen kyrkje som er 150 år i år. Elles kan vi nemne at Siv Snekvik vil ta del i motet. Ho jobbar i den komunale bygdeboknemnda, som har starta arbeidet med å revidere bygdebøkene i Surnadal kommune. Det vil bli høve til å stille spørsmål om dette arbeidet på møtet. Todalen historielag vil også presentere den nye logoen som er laga for laget. I det heile blir det ein kveld med mange og varierte aktivitetar. Og sjølvsagt skal det vera traktering: Servering av tradisjonell kveldsmat står det på plakaten. Her kan du laste ned plakaten.