Ledar i Todalen historielag, Maren Ansnes, etterlyser idear til stoff for neste årsskrift.
Ho fortel at historielaget allereie har mange idear, men at laget treng ei stor breidde i stoffet og set stor pris på om bygdafolket kan kome med innspel og ønske om kva dei vil lese om i neste årsskrift.
Maren fortel at styret arbeider med å organisere eit redaksjonsutvalg som skal jobbe med neste årsskrift og dei vil starte på dette arbeidet allereie i månadsskiftet.
Har du gode idear om aktuelle tema til neste årsskrift er det berre å ta kontakt med Maren Ansnes (telefon 906 86 907) eller Wenche Kvendset (telefon 911 75 335) snarast.