Neste laurdag har Todalen historielag premiere for sitt nye årsskrift. Det skjer i Todalen ungdomshus på ettermiddagen, og da blir det også utstillinga av gamle flyfoto i Ungdomshuset som eit av underhaldningsinnslaga og samtaleemna denne dagen. Historielaget minner derfor på om at folk må finne fram gamle flyfoto som kan stillast ut denne dagen.
Det kan væra både nye og gamle flyfoto, både store og småe – alt er av interesse, seier John Moe, som gjerne kjem og hentar dersom det er ønskeleg. Elles blir det folk tilstades torsdagkvelden 21. november (18-20) for å ta i mot flyfoto for å låne disse til utstillinga. Historielaget har god tru for at dette kan bli ei aktuell og interessant ustilling, og det blir nok mang ein diskusjon i kjølvatnet av denne utstillinga. Ta gjerne kontakt med John Moe i Todalen historielag på telefon 920 48 856