Søndag ettermiddag hadde Todalen historielag sitt årsmøte i Todalen ungdomshus. Det var seks saker på dagsorden, og alle gikk raskt unna uten debatt. Årsmeldinga gjenspeila at det er stor aktivitet i laget, og rekneskapen viste at aktivitetane hadde gjeve eit greitt overskot som sikrar økonomien i laget. Medlemskontingenten i laget blir uendra , med kr 200 for enkeltmedlemar og kr 250 for familiemedlemskap. Laget har i dag 166 medlemar, som er mest bygdefolk og utflytta todalingar.
Prioriterte oppgåver det siste året har vore arkivering av gamle skrifter og protokollar, samt registrering og skanning av gamle foto, og sjølvsagt arbeidet med årsskriftet som kom før jul. I tillegg har det vore fleire temadagar gjennom året. Eistein Bæverfjord var i Todalen og viste filmen «Finnguten», der dei lokale kjendisane May og Tor Holten var aktørar. Historilaget samla også eit femtital på historievandring i Brusetmarka, som på grunn av vêret vart innearrangement på Gammelfabrikken. Det kan også nemnast at laget deltok på Kulturminnedagen i september. Dette var eit arrangement i lag med Stangvik historielag, og foregikk på museet på Åsen.
Siste punktet på agendaen var val. Det gikk også raskt unna, for det var nemleg attval på alle som stod på val i år. Det vil seie at Maren Ansnes fortsett som ledar, og at resten av styret blir som i år, med John Moe som nestledar, Sven Olav Svinvik fortsett som kasserar, Wenche Kvendset som sekretær og Svein Åge Saksen som styremedlem.
Etter det korte årsmøtet var det vanleg medlemsmøte, der Janne Carina Strand var inviterte til å informere om arbeidet med kulturminneregistrering. Ho er tilsett som koordinator for eit prosjekt, og skal organisere og legge til rette for å få system på arbeidet med registrering av kulturminne i Surnadal kommune. Dette arbeidet skal gå over eit år, og ho fridde til historielagets medlemar om å bidra i dette arbeidet. Prosjektet skal i år ha studentar til hjelp i feltarbeid og registreringar, men dei satsar på opplæring og kursering av folk og eit utstrakt samarbeid med historielaga i fortsettinga.
Historielaget lanserte også noko frå aktivitetsplana for i år på møtet. Den 26. mai har dei planlagt ein aktivitetsdag der dei vil sette hesten i fokus. Det skal skje i Hallagrenda og detaljane for arrangementet vil bli kunngjort seinare. Vidare vil det bli eit Jon Lunde-arrangement i september og lansering av nytt årsskrift skal skje den 24. november. Temaet for årsskriftet er i år gamle motorkøyrety.