Stangvik Historielag og Todalen historielag inviterer til årets busstur torsdag 26. juni. Årets tur går til Oppdal, der det blir omvisning på bygdemuseet og på Vangfeltet (Viking-gravene).
Ruta for turen torsdag 26. juni:
08:00 – Start frå Matkroken Todalen
08:15 – Stangvik skule Evenshaugen (her er det god plass for parkering)
08:25 – Kvanne fergekai
08:30 – Ferge over til Rykkjem
08:45 – Fossheim, Ålvundfjord
Turen går så opp Sunndalen, og arrangøren reknar med å koma til Lønset mellom 10:00 – 10:30. Der tek vi ein liten kaffepause. Historielaget vil ta med kanner med kaffe og litt «kaffebrød». Arrangørane har fått tak i eit par «guidar» (Tor Helge Gravem og Nils T. Ulvund) som vil fortelje om plassane ein passerer frå Ålvundfjorden til Oppdal.
Deretter går turen vidare til museet på Oppdal, der det vil bli omvisning eit par – tre timar, før det blir servert middag (sodd).
Etter middagen fortsetter turen til Vangfeltet, der ein lokal guid vil fortelje og vise rundt.
Etter besøket på Vangfeltet går turen heimover, ned Sunndalen, og ein reknar med å ta ferja frå Rykkjem klokka 17:45 eller klokka 18:15.
Prisen på bussturen, inklusive omvisning på Oppdalsmuseet og Vangfeltet, samt middag med kafe på museet, blir kr 600,- pr. person. Betaling blir innkrevd på bussen, og kan betalast med kontantar, Vipps eller giro
Påmelding innan 15. juni til:
John Moe på telefon eller sms 920 48 856 og epost moej6645@gmail.com
Einar Grønnes tlf eller sms 918 94 944 og epost einar.gronnes@gmail.com
Historielaga håper mange finn turen interessnt, slik at ein kan fylle opp bussen – vel møtt!