Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historielag med tur til Storlidalen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 11. mai 2017

Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerer busstur til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni. Det blir eit allsidig program med guiding av lokal kjentmann i Storlidalen og omvisning på Oppdalsmuseet. Kaffe med bakels og oppdalsgraut i Negard i Storlidalen og middag i Hoksengstuggu på Oppdalsmuseet. 

Storlidalen og Oppdal kommune er naboane våre i søraust, og det har vore sterke band mellom bygdene våre. Ferdselsåra gjennom Gammelseterdalen var mykje bruka før i tida. For opdalingane var dette i lange tider beste vegen til sjøen og byen. Det var også utveksling av arbeidskraft mellom grendene, mange frå Todalen og gamle Stangvik herad var onnahjelp i Storlidalen og Oppdal etter at slåttonna var ferdig heime.  

Da det er begrensa plass i bussen, vil medlemmer av Todalen historielag og Stangvik historielag bli prioriterte med plass på denne turen. Medlemmer som ønskjer å vere med på turen, må melde seg på innan 4. juni. Viss det da er ledige plassar, blir det opna for påmelding av ikkje-medlemmer. Dette trur vi vil bli ein fin og interessant dag, så vi håpar  å fylle opp bussen! Vel møtt til ein triveleg tur!

Det blir kaffepause i Negard Storli. Foto: Jon Bruset

Her følgjer orienteringskrivet om turen frå Stangvik historielag og Todalen historielag:
 Laurdag 17. juni 2017 arrangerer vi busstur for historielagas medlemmer til Storlidalen og Oppdal.
Kjøreplan og program:
·         Bussen med sjåfør Øystein Moe kjører frå Talgø i Todalen kl. 07.20
·         Tek på passasjerar på tur utover og stoppar ved Stangvik Skule kl. 07.40
·         Påstiging på Kvanne før fergeavgang kl. 08.00
·         Påstiging på Sunndalsida: Rykkjem 8.15, Ålvundfoss 8.20, Ålvundeid v/ Leikvoll 8.30 og Sunndalsøra v/ rutebilstasjonen kl. 08.40.
·         Harald Storli kjem om bord på Lønset og skal guide oss gjennom Storlidalen der det blir stopp og omvising på Bårdsgarden før vi parkerer i Storligrenda.
·         Kaffe med bakels og Oppdalsgraut blir servert inne på Negard og vertsfolket vil orientere om plassen og grenda. Etterpå tek vi den korte spaserturen opp til Bortistu.
·         Klokka blir sikkert 12.00 før vi gjer klart for avgang mot Oppdal.
·         Stopp ved Oppdalskyrkja og omvising i Raulåna like ved kyrkja.
·         Vidare til Oppdalsmuseet og Hoksengstuggu, som vi har leigd resten av dagen.  Her blir det servert middag m/dessert og kaffe og litt underhaldning av to lokale spellmenn. Det blir omvising på museet.
·         Når vi er klare for det, returnerer vi heimover.
Vi har plass til 55 personar i bussen, og dette er også max personar vi kan ta inn i Hoksengstuggu til middag. Difor blir det ‘’først til mølla-prinsippet’’ når det gjeld påmelding.
Pris for medlemmer kr. 400,- som inkluderer alt utanom ferjebillett.
Bindande påmelding innan 4. juni til
Todalen historielag v/ John Moe telefon 920 48 856
Stangvik historielag v/ Einar Grønnes telefon 918 94 944
 
Dersom det er ledige plassar etter at påmeldingsfristen har gått ut, tilbyr vi desse til ikkje-medlemmer til kr. 600,- / person.

Det er ein fin tur utover Storlidalen. Her ser vi mot Innerdalsfjell og Todalsfjell, Slangelifjellet om lag midt på biletet. Foto: Jon Bruset.

Publisert: 11. mai 2017, 05:00