Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historia fengar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. juni 2022

Fortida har gode framtidsutsikter i Surnadal kommune! Ungdomsskulen tek lokalhistoria på alvor. Som vanleg, for 9. klassingane i Surnadal kommune, kvar vår bedriftsbesøk og historisk museumstime i Bøfjorden. I går var eit nytt kull klare for slikt bedriftsbesøk og museumstime i Bøfjorden. 

På Bøfjorden Sag fekk dei sjå ei moderne treforedlingsbedrift som lykkast med sine produkt. Sia starten for 25 år sia har leiar Magnus Bøklep og hans dyktige stab vist at «det går an» også i ei utkantbygd! 

Klare til fiskartur – med oljehyre, fiskarstøvler etter Pe Kutrøen og med sildloddet hans Gammel-Edvard. Foto: Bernt G. Bøe

Skarvøks og kjerringkjeft

På Sjøbruksmuseet vart det nærkontakt med lokalhistoria. Leiar i Bøfjorden Historielag, Bernt Bøe, fortalte om både båtar og bjønn. Elevane fekk ta gammalt utstyr i hendene og kjenne korleis det vart bruka – både sildloddet, skarvøksa og «kjerringkjeften».

Reiseskildringa frå Øye til fjordbygda gav også aha-opplevingar. Kalkgruvene på Glærem, Sjøflot og Årnes fortel om Nordmarka som eldgammelt «korallrev». Og enn at dei fann titusen år gamle kvalbein da dei bygde markavegen?

Blide fiskarar utstyrt med både skjømle (t.v.) og auskar, oljehyre og spesiallaga fiskarstøvler. Foto: Randi Bøe

Dramaet med Fantsteinen ved Liavatnet for 150 år sia ville ikkje gammellæraren røpe. Men bureisinga i Sletta på 1940-talet, høgda på Hjelmen og juletreplantasjen i Settemsdalen var pensum.

Hollendertid og redningsdåd

Så kunne dei unge sjå for seg hollandske seglskuter som lasta plank ved Zetumb Saug for fire hundre år sia – og galeasar med skrei frå Lofoten kleppfiskberga på Nordmøre.

God stemning da skulenista kom fram. Foto: Randi Bøe

Redningsdåden i Østersjøen som fekk rikspresident Hindenburg til å premiere mannskapet på DS «Bøfjord», var ein historisk godbit. Like eins vengen av den tyske bomba som trefte passasjerskipet «Statsraad Riddervold» i april 1940. 

Nesten-forliset i 1934 med fiskebåten «Skrøyfa» ved Island skapte gisp i salen. Og lettelse over at det gjekk bra, fordi ein av mannskapet banka-opp maskinisten og «stal» olje til å dempe stormsjøen med. Hadde båten forlist, ville eit tital familiar på Bølandet mista forsørgjaren sin.

Einaste i verda

Sterkast inntrykk gjorde likevel Mannbjønnen, som drap fem menneske i Bøfjord-traktene på 1770-talet. Sjøl om alle no kan finne dramaet på NRK, både som nettartikkel og podkast, var det musestille blant dei elles livlege 9-klassingane da det eine mordet verre enn det andre vart skildra. Ei historie som bygda her er åleine om – i heile verda.

Godt med lunsj. Foto: Randi Bøe

Og den premierte «eksamensquizen» etter museumstimen røpa vakne elevar!

All lokal historie er grunnlag for dagens levande samfunn. Difor må det vera god pedagogikk at ungdomsskulen let oppveksande slekter få nærkontakt med røtene sine!

Publisert: 22. juni 2022, 15:00