I går kom regjeringa med omfattande endringar i smitteverntiltaka, endringar som gjev tilnærma «normale» tilstandar i samfunnet. Men nokre smitteverntiltak gjeld framleis, og for Hett & Svett vil dei nye smitteverntiltaka ikkje innebære endringar, i denne omgang, i høve til det som har vore gjeldande i dei siste vekene.
Hett & Svett vil vere ope alle dagar, med unntak av i tidsrommet frå klokka 12:00 – 18:00 onsdagar, da det er stengt for reinhald. Det er framleis slik at det er maksimalt tre personar som kan trene samtidig, og ein må «sprite» treningsapparata etter bruk.