Drfitstleiarane for Todalen Idrettslag sitt treningsstudio, Hett & Svett, fekk tysdag 15. juli ei litt trist tilbakemelding frå ein fast brukar av treningsstudioet. «Det var trist å komme på Hett & Svett idag, for å måtte starte oppvarminga med å rydde på plass manualar og anna treningsutstyr, rydde vekk godterisøppel og tomflasker», heitte det mellom anna i meldinga.
Driftsleiarane oppfordrar alle som brukar Hett & Svett til å rydde etter seg, når dei har vore der og trena, slik at lokala er ryddige og klar til bruk til dei som kjem etterpå. Vi har eit fantastisk treningsstudio i Todalen som er mykje bruka, som difor håper vi at alle som brukar det, bidreg med å rydde etter seg, legg dei til.
Leiar i idrettslaget, Elinor Bolme, presiserer at nedre aldersgrense for å trene på Hett & Svett er 15 år, men at yngre ungdom kan trene der dersom ein føresett er med.
Hett & Svett er eit treningsstudio, og ikkje ein samlingsstad. Men i reiskapshuset på Bordholmen er det laga eit ungdomsrom som står ope heile tida og som kan brukast til samlingsstad for ungdommane. Her er det bordtennis, brettspel, korrtstokkar, moglegheit for å spele musikk og meire.
Da er oppfordringa gitt, så da er det berre å ønske alle ei god treningsøkt på Hett & Svett!