I nattens mulm og mørke har fire hestar rømt frå sitt sommaropphald i Viastua. Hestane høyrer til hos Stall Åsbø på Nordvik, men er no på sommarbeite på Kvennset nokre veker. I natt vart fristinga for stor, og dermed lista dei seg ut og tok ein tur på bygda. I løpet av natta har dei vore observert fleire plassar – mellom anna i Øyagrenda.
Men friheita varte ikkje så lenge så dei vart innhenta av matmor Anne Berit Kvendset, og dermed geleida heim att. – Det er vel ikkje rett å seie at dei hamna bak lås og slå, men dei hamna iallfall innafor gjerdet igjen, og må no finne seg i å halde seg der.