Oda Halle hadde mange hjelpande hender da ho inviterte slekningar til slåttonntreff. Det vart sett opp ei hesje nærast som eit demo-prosjekt, der vidareføring av konpetanse var ein del av prosjektet, medan den sosiale biten som ligg i å treffast og gjera ting i lag var ein like så viktig del.
I dag var gardsverkstaden rigga om til svelekjøkken, der bestemor Ragnhild med god hjelp sørga for at slåttafolket fikk nystekte svelar til kaffe og saft som elles vart trektert når hesja var ferdig. Da var det nok godt med litt påfyll både av energi og tørsteslukking.

Kårkall og pensjonist Bjørn fører kompetansen på hesjis vidare – her til Oda og Eirik som nok har delteke på hesjing tidlegare. Foto Jon Olav Ørsal
Oda har ingen husdyr i kosten, men ho produserer tørrhøy for sal på innmarka til Nestua på Hjellnes. Totalt er det rundt 40 mål av arealet som blir bruka til høyproduksjon, og det ferdige produktet er rundt 12-13 tonn tørrhøy kvart år. – Foreløpig er det ingen problem med avsetnad for høyet, og ho har både Stall Åsbø og Tingvollost på kundelsta i tillegg til mange fleire.

Men uten mat og drikke …. bestemor Ragnhild hadde rigga til svelekjøkken i gardsverkstaden og får god hjelp til å steke svelar. Foto Jon Olav Ørsal
No venta Oda på sol og vind for å få skikkeleg høytørk – dei første 10 dekar blir nok klare for tørka i løpet av dagen. Sjølv om ho har høytørke på låven, så er det god økonomi i å fortørke høyet litt ute på ekra før det kjøres inn i låvetørka.

…og svelane gikk unna. Med 20 – 30 onnafolk trengs det no ein stor haug med svelar for å halde unna køen. Foto Jon Olav Ørsal

oda reknar med å få den første ladninga inn i høytørka i dag – no håpar ho på finvêr og høytørk i neste veke. Foto Jon Olav Ørsal