Herretrimmen har sidan forrige veke vorte flytta frå onsdag til måndagar heretter. Dette fordi det har vore litt dårleg med oppmøte. No på kaldaste årstida held dei til i gymsalen på skulen, men når det vårast trekkjer dei ut i ballbingen eller ned til Bordholmen.
Her er det fartsfylt ballspel med høg intensitet, av og til med livet som innsats.