Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Herretrim og barn i løypa

Elinor Bolme Tysdag 22. januar 2019

Todalen Bodybyggjarlag held fortsatt koken og melder om knallføre i sporet på Tjønnmyra. Dei har no skifta beite og møtes mandagane presis klokka 18.30 til felles trim og litt sosialt attåt. I kveld var dei fem stykk som møtte opp og jakkane som låg slengt rundt om i løypa vitna om at dei held varmen trass 7 minusgrader.

Ellers melder leiar i skigruppa Gunnar Nordvik om at barn i løypa startar opp neste måndag. Her er det for store og små å møte opp frå 17.30 og utover. Dei har sett opp fire mandagar på rad, før dei etter vinterferien skiftar til søndagar klokka 12. Første gong 3. mars. -Da er sola komma der oppe, og vi satsar på litt sosiale arrangement utover fine vinterdagar seier Gunnar. Kanskje både kaffe og bakels!

Det er også kjøyrt på scooterspor opp Øyalia mot skihytta og attende til Tristeinan. Føret er nok ikkje det aller beste, men det er i alle fall farbart.

Gunnar lover også spor nede i bygda; rundt turstien og eit par sløyfer frå Halle/Husby til Sanitetshuset. Dette brukar å vere eit populært tiltak for mange som kanskje ikkje har anledning til å ta turen på Tjønnmyra, eller som vil ta turen på butikken på ski.

 

 

Først publisert: 22. januar 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 21. januar 2019, 23:05