Premiere på «Mamma Mia 2» på Surnadal kino fredag! «Tull og tynt tøys, dette her – i enda større grad enn forrige gang. Men det er godlynt, blidt tull og tøys, som mange vil kose seg glugg i hjel med», skriv VG og trillar til ein fire på terningen. Førstefilmen var ein gedigen suksess, så det er høge forventningar om at ein treng den slags «feelgood»-film i 2018 også. Surnadal kino vil i alle fall vise filmen jamt i dei to komande vekene.
Alternativa til ABBA er «Hotell Transylvania 3» (norsk tale), action-/katastrofefilmen «Skyscraper» (med «The Rock») og så vil det bli muleg å få eit gjensyn med «Ant-Man and The Wasp».
Du finn heile kinoprogrammet her: https://surnadal-kulturhus.no/program/