Laurdagens konsert med TrondheimSolistene og Herborg Kråkevik fylte kulturhuset med begeistra publikum. Nyttårskonsert med TrondheimSolistene har vore eit fast innslag i mange år, og det vart slett ikkje forringa av at Herborg Kråkevik var med – tvert i mot. Surnadalsjenta Kirsten Næss (17) fikk æra av å spele saman med orkesteret i opningsnummeret, og og kom seg godt ut av det.
Fram til pausen framførte TrondheimSolistene ”Variasjoner over eit tema av Frank Bridge”, og da fekk dei ha scena for seg sjølve. Dei viste ein imponerande presisjon og vi fekk sjå at det var profesjonelle musikarar vi hadde på scena.
Sjølve hovudretten kom etter pausen, da Herborg Kråkevik entra scena. Ho har samarbeidd med TrondheimSolistene i 15 år, og vi skjønte fort at kjemien var god og at den også smitta også over på eit begeistra publikum. Ho formidla både skjemt og alvor i sin kontakt med publikum, og minte oss på kor heldige vi er som kan seie det vi meiner utan å sette livet på spel. – Den uttalen sette ho nok straks på prøve, da ho etterpå fleipa om økonomien og snøkanonane i Sæterlia.
Men du verden for ein artist og for ei songstemme – her fekk publikum full valuta for pengane. Hun var innom både Sørås, Blix, Prøysen og mange fleire i sitt repertoar, og med akkompagnement frå TrondheimSolistane vart dette ein kveld vi seint gløymer.