Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Her vil vi bygge og her vil vi bo!

Elinor Bolme Onsdag 30. mai 2018

FAU ved Todalen skule inviterte i kveld alle foreldre med born i skulepliktig alder til eit møte for å kartleggje ønsker og behov for Todalen skule i framtida. Leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes orienterte i forkant om kva som no skjer vidare i saka som utredningsrapporten som Surnadal kommune skal leggje fram for kommunestyret den 13. september. Saka som skal bestemme om kommunen skal endre på skulestrukuren i Todalen eller ikkje.

Behov for befolkningsvekst

Faktiske tal er per i dag dessverre tydelege på at det om eit par år går nedover for antall ungar på skulen. Kommunens tidlegare prognosar på dette har vore heilt feil, og forsamlinga var i grunnen enige i at oppvekstsenteret heilt enkelt må vekse for å bestå. Og for å vekse treng Todalen blant anna tilflytting av barnefamiliar. Spørsmålet er kva vi har å tilby eventuelle nye tilflyttarar. Fleire meinte derfor at Surnadal kommune no må ta ansvar og tilretteleggje for vekst og utbyging av tomter i Todalen, slik som på Kvanne og Nordvik. Det vart også kommentert at lokalbedrifta Talgø signaliserer både vekst og kampvilje i dagens Driva, og at dei kanskje burde på banen når det gjeld boligar.  Ingen utan tidlegare tilknytning til Todalen kjem direkte hit og byggjer seg hus, dei må få lov å «prøve-bo» først. Og da er det heilt klart behov for egna boligar til formået. 

Avstemming om vegen vidare

FAU fekk jobben med å arbeide vidare med å oppretthalde skulen i bygda. Dei ønska ei avstemming av dette, for å sjå om foreldra i det heile tatt ønska å ha skulen i Todalen. Eit klart fleirtal stemte for.

Laila Kvendset Bergli stemmer over om ho skal fortsette å engasjere seg i skulen i Todalen. Kjetil Sogge og Sissel Halset Storslett har kontroll på antal stemmeseddel per unge per foreldre.

FAU kjøyrer derfor på med å innhente ulike prisar og rapportar som er relevant for å sjå på i forhold til kommunen sin rapport som skal kartleggje fagpedagogiske, økonomiske, bygningsmessige, psykososiale og samfunnsmessige sider ved ei eventuell samanslåing av skulane. 

Kjøpe, selge eller leie bolig i Todalen??

Ei gruppe vil etter kvart bli sett ned for å kartlegge ALLE potensielle boligar som enten kan leigas ut eller selgast. Her vil eigarar av desse etterkvart bli kontakta med eit konkret spørsmål om deira eigendom kan brukast til utleige eller på sikt seljast. Laila Kvendset Bergli som sitt i både FAU og PT-utlalget i Todalen fortel at også PT-utvalget engasjerer seg i denne saka. -Vi skal ha felles møte neste veke, der denne slagplana skal diskuterast og forhåpentlg iverksettast. Er det nokon som vil bidra er vi veldig glade for engasjement og hjelp i saka seier ho. 

Ny todaling?

-Det aller viktigaste jobben framover for alle blir derfor å synleggjera den fantastiske bygda Todalen, for å få både utflytta todalingar heimatt og nye til å busette seg her, samstemmer foreldregruppa.

 

 

Publisert: 30. mai 2018, 22:53