Måndag vart vi invitert med på utsetting av øyerogn i Toåa. Rossåa settefisk setter årleg ut smolt og 1-årig yngel, og dersom dei har overskot på rogn blir det sett ut befrukta rogn – øyerogn – i såkalla Vibertboksar. Til saman var det mellom 19- og 20.000 øyerogn som skulle settast ut på 2 plassar i Toåa. Nokre vart sett ut ved Romåhølen, medan resten vart sett ut ved Engjavadet i Halanesset.

Første boplelen for dei nye todalingane. Den nyklekte yngelen har tilhald i Vibertboksane, som er fylte med småstein, den første tida. Foto: Jon Olav Ørsal
Den befrukta rogna som vart sett ut i dag er reine gener frå gentesta laks frå Toåa, fortel Frøydis Bolme Hamnes, som er prosjektleiar ved Rossåa Settefisk. Saman med Monika Klungervik fordeler ho den befrukta rogna i Vibertboksane og gjer klar for utsetting. Bjørnar Aasbø og Kjetil Haugen er ansvarleg for å plassere ut Vibertboksane slik at det står trygd om det kjem ein flaum i elva. Det er lurt å plassere dei bak store steinar og grave dei ned litt mellom stein og grus. Der boksane med øyerogn er plassert blir det hengt opp eit gult band for å markere plassen. Det er imidlertid viktig at desse boksane får stå i ro til etter klekkjinga er ferdig. Øyerogna klekkjer i løpet av mars, men dei nyutklekte yngelen har tilhald i boksane enno eit par månader før dei dreg «ut på livet».
Det er faktisk ikkje meir enn 5-10 % av yngelen som blir klekt ut som overlever slik at dei kjem seg ut i havet. Det skjer i 2-årsalderen, og da skjønar vi at det er eit langsiktig prosjekt før laksen kjem att frå havet og du kan få den på kroken i Toåa. Og akkurat det er det nok som er redninga – at dei er så mange i starten, for det er mange farar som lurer, både i elva og i havet.

Heile gjengen som var med på utsettinga av befrukta rogn i Toåa i dag: frå venstre Kjetil Haugen, Bjørnar Aasbø, Monika Klungervik og Frøydis Bolme Hamnes – alle frå Rossåa Settefiskanlegg. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Her settes Vibertboksane ut i Toåa – bak steinar med litt størrelse på er dei nok trygge. Foto: Jon Olav Ørsal