I dag er det langt mellom hesjene, men jammen finns det sorten enno. Gudmund Kvendset som er kårkall i Viastua har dei siste par dagane jobba med å sett opp ei hesje, og har i dag hengt ho full med gras til tørk. Høyvêret er det så som så med, men yr.no melder likare vêr frå komande helg, så vi får leve i håpet. Kanskje det går an å kutte ut stillongsen og da? I dag tidleg var det 6,5 på den ein og 7,0 grader på den andre gradstokken her – det kjentes ut som det var den på 6,5 grader som var rett. Nysnø i fjella var det og!
Gudmund brukar å sette opp ei hesje kvart år – han likar å ha ein godbit til sauene, sa han, og det tvilar vi ikkje på. Om det er langt mellom hesjene, så begynner det faktisk å bli langt mellom sauene og saukarane og. Her i bygda er det faktisk berre to besetninger att, og den eine av dei to er berre på hobbybasis – med eit tjuetals lamsauer.