Søndag var det sumarens siste gudsteneste i Todalen kyrkje. Denne gongen var det studentprest Jon Olav Hjelle som var vikar for soknepresten som for tida avviklar ferie. Hjelle er frå trøndelag, og held på med prestestudie i Oslo, der han har to år att før han er ferdig utdanna prest. Under gudsteneste var det også dåpshandling for lille Aksel.
Aksel Redalen bor i Rælingen, saman med stolte foreldra Kathrine Røe og Bjørn Redalen. Dei nytta siste feriedagen i Todalen til dåpshandling i Todalen kyrkje, saman med fadrar, familie og venner.