Det har banka og saga på lekeplassen i Bekkerhagan bustadfelt i fleire dagar. – Vi måtte ta ein tur innom for å sjå kva som foregikk, og trefte to habile snikkarar som nytta haustferien på skulen til å bygge kiosk. Markus og Tor Asbjørn fortalte at det er ei stund sia dei starta på jobben. Men når det var snekkering på eit av husa i bustadfeltet vart det plutselig tilgang på material. På spørsmål kva dei bygger, så var svaret at du ser nå vel at det blir ein kiosk.
Det som har foregått no i haustferien er ei oppgradering av det gamle bygget, og så eit tilbygg som skal bli kvilerom – og der var det ikkje lov å kome inn for andre enn dem sjølve – som altså er Markus og Tor Asbjørn – og så Nils Erik da, som ikkje var der i dag. Du må skriv at det er ikkje lov å klatre opp på taket, sa Markus, som var i tvil om taket egentlig var heilt tett.
På spørsmål om når bygget var ferdig og når opninga av kiosken skulle være, så antyda gutane at det kanskje vart i dag eller i morgon – det spørs om vi får nokon til å steike bakels i dag – men det blir iallfall i morgon. Men no var det travelt med å få ferdig døra inn til bygget – den vart litt tung. Da var det godt å få litt konsulenttenester med nabo Kristian Gjeldnes, som har meir erfaring.