Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Her blir det nytt tak

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. april 2025

Den siste veka har det foregått forebuing til taklegging i Nilsstua på Husby.  Det gamle torvtaket har «stått sitt høgst» og var modent for utskifting. Etter kvart har det vorte lekkasjar både her og der, og det vart etter kvart behov for eit skifte.  Det er eit utruleg stort tak – 300 m2 – der ein var nødd til å fjerne den gamle torva før ein kunne legge nytt torvtak, fortel Eirik Husby, som er prosjektleiar for nytt tak.

Eirik Husby er prosjektleiar for nytt tak på den 300 m2 store gardsbygninga i Nilsstua på Husby. Foto Jon Olav Ørsal

Den siste veka har vi no jobba med å fjerne det gamle taket, og det vart litt av ein jobb i regnvêret som har pågått dei siste dagane, men laurdag vart det heldigvis bra vêr, og da fikk vi gjort oss ferdig, slik at vi no kan avslutte til påske og legge på presenningar før vi tek helg.  I dag har vi hatt god dugnadshjelp frå kompisar så vi har fått unna oss arbeidet ganske så effektivt. No er det mest opprydding som står att før vi kan slå strek.  

Etter påske startar RindalsTre jobben med å reparere troet og så blir det legging av nytt torvtak på heile huset.  Får berre håpe at vi no har gjort unna det meste av vårens regnvêr til vi har fått på nytt tak, seier Eirik 

Publisert: 12. april 2025, 18:00