Vi har fått tips om at infotavla ved Innerdalsmerket er gått overende no nyleg. Vi rekna med at det var råteskade i kombinasjon med harde vindrosser som var årsak. Men når vi tok kontakt med verneområdeforvaltar Hege Sæther Moen og naturoppsyn Lars Olav Lund så får vi ei anna historie. Lars Olav fortel at han hadde observert at det var råteskade på fundamentet, og dermed vart det bestemt at tavla skulle takast ned kontrollert, slik at ho kunne erstattast med ny.

Den gamle tavla blir no erstatta med ny skilting – muligens blir det ved parkeringsplassen innafor Innerdalsmerket. Foto Gunnar Nordvik
Verneområdeforvalter og koordinator Hege Sæther Moen bekreftar at dei skal erstatte den gamle tavla med ny skilting, og at det er ein prosess som blir sett i gang no. Arbeidet blir starta no når det blir vår, og da skal det og vurderast om den nye tavla skal plasserast på parkeringsplassen som ligg ca 50 meter innafor plassen der stien til Innerdalen startar. Todalen er ein av innfallsportane til Trollheimen landskapsvernområde og er godt merka, slik at det er lett å finne fram.